Eg meiner at Gisle Surssons saga er ein typisk saga fordi den beskriver nybyggarsamfunnet på Island. Draumane til Gisle førekjem ofte gjennom heile filmen, og dette er enda eit vanleg trekk i sagaer. Disse draumane påverkar måten han er på, og dette viser seg å vere skjebnen hans. Det er heller ikkje nokon bestemd sammfunnsautoritet fordi mennene drep på grunn av blodhemn og misunning, utan at dei alltid får ein bestemd straff. Konfliktane er mellom personar og familiar, og årsaka er kjærleik mellom Vestein og Åsgjerd. Torkjell ser det som sin plikt å drepe Venstein på grunn av kjenslene mellom hans kone og Vestein. I følgje moralen er Gisle ein sagahelt når han tek hemn og drep Torkjell for Vestein. Han har også nokon sider som ikkje rimar med heltebilete, som når han ofrar trælane sine for å kome unna Øyolv Grå og mennene hans.
Kvinnene i filmen er sterke karakterar og ein får eit godt inntrykk av personlegdommen deira, noko som ikkje er vanleg i sagaer. Kona til Gisle, Aud, er til tross for stor motgang, sterk og lojal mot ektemannen sin. Åsgjerd, Torkjells kone, har ein stor betyding for historia, ettersom ho er grunnen til dei tragiske hendingane. Tordis, Torgrims kone og Gisles syster, er veldig tydelig i sin meining om at Gisle skal drepes som hemn på drapet på Torgrim. Etter dette drapet, gifter ho seg med Bork. Tordis kan kallast ein ”intrigemakar” fordi hun ho skal ha alle til å gjere som ho ynskjer. Ho er også ein viktig del av filmen.
Eg synas ikkje filmen var så veldig bra, nok fordi dette ikkje er min type film. Handlinga går berre ut på sjalusi, hemn og drap, og dette er ikkje av min interesse. På grunn av den indirekte personskildringa, synes eg det er vanskeleg å bli ordentleg ”kjend” med personane. I tillegg er grafikken og lyden dårleg, sjølv om dette kan skyldas at den er laga for mange år sida. Men når detta er sagt, synes eg vi fekk eit godt bilete av korleis det var på denne tida, både miljøet, kleda og aktivitetane dei dreiv med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar