mandag 6. desember 2010

- Dublin i regn

Dublin i regn er ein kort forteljing som omhandlar forboden kjærleiksforhold og kjensla på å vere splitta mellom familien og ein elskar.

Forteljinga handlar om ei gift kvinne som har eit forhold til ein annan mann som for tida skal opphalde seg i Dublin. Han ringer henne, men sidan reisa hans til Dublin skulle vere hans måte å ende forholdet på, er det fyrst berre susing ho kan høyre i andre enden. Da han endeleg svarar, fortel han om korleis opphalde i Dublin er, og kor mykje han saknar henne. Dei set ord på kjenslene sine og så blir dei brote. Telefonen ringer igjen og det er den same susinga som sist. Etter ein stund ber han henne om å gå bort til vindauget. Då kjem det fram at han eigentlig ikkje er i Dublin, men sit i bilen utanfor Murboligen. Han har følgt etter henne heile dagen og no vil han at dei skal finne kvarandre.

2 kommentarer: